Magne V. Kristiansen

Menu

Kurs i Gaupne i Luster

28. - 30. september 2018

Velkomne til oljemålingskurs i Luster i Sogn.

Tema for kurset er nokså ope. I utgangspunktet blir det landskap vi konsentrerer oss om. Vi tek omsyn til individuelle ynskje. Målet for kurset er bli dyktigare i å sjå kva vi eigentleg ser og formidle det ved ein stadig betre teknikk og kunstforståing.

KURSPROGRAM 

Lærar for kurset er
Magne V. Kristiansen og arrangør, Luster Kunstlag.

Tidsramme
Fredag 28. kl 17.00- 21.00  

Laurd. 29. kl. 10.00-16.00

Sønd. 30. kl. 10.00- 15.00

Teknikk: Olje. Om nokon er allergiske for oljemåling er det rom for å nytte akryl med dei avgrensingar det gjev i høve olje. 

Stad: Lagshuset, Gaupne

Antall: Min 6 - max 12 personar

Kursavgift: Kr. 2 100

Dette inkluderer noko fellesustyr som akryl, print, farger, malemiddel m.m Eg har med ulike landskapsmotiv i god print som det skal nytte om de ikkje sjølve har gode motiv. De må ha gode print/fotos eller dataskjerm, men ikkje små smarttelefonar, det gjer vegleiinga tungvint.

Eg har lerret 35x50 cm til kr. 220 som eg vil de skal bruke om de ikkje har gode lerret sjølve.  

Sjekk utstyr om de har:
Penslar (svinebust med lang bust og langt skaft, hårpenslar flat.). Oljefargar,  (titankvit, gul, oker, brent sienna, rå umbra, ultramarine blå, cerulean blå, viridian grøn, karmin rød, cadmium/zinnoberrød, sort.) 

Eg har dette for sal om de ikkje har det sjølve. For tekniske spørsmål send ein epost til post@adfontes.no eller mobil/sms til  Magne 971 34 101

Ha med palett, malefiller, lite glass, 2 skylleglass/zalo, maskeringstape, tegneblokk/blyanter, golvstaffeli (helst), ekstra lys/skøyteledning om de trur de trenger det.

Påmelding innan 1. september eller snarast (avgrensa plassar) til:

Else Karin Vigdal,
sms 908 83 582 eller epost el-kvi@hotmail.com

Berit Heltne,
sms 482 26 335 eller epost bm-heltn@online.no