Magne V. Kristiansen

Menu

Kurs oljemaling i Gaupne

1.-3. november 2019

Velkomne til oljemålingskurs i Luster i Sogn


Dette blir 3. kurset vi har i Gaupne med Magne V. Kristiansen. Mange av dykk kjenner både stilen og kursa hans og for dei som kjem for fyrste gongen er opplegget tilpassa både nybyrjarar og meir rutinerte.  Sjølv om  mørketida festar grepet skal vi gjere det lyst og triveleg inne. Tema for kurset er heilt ope med ein fast struktur. Det blir individuelt arbeid, noko demonstrasjonar og felles korrektur til ein kaffi. Læraren har med motiv og oppgåver til dei som treng det eller de tek med eigne motiv.

Prøv å finne motiv med gode lys- og skuggepartier. Lys rett på er ofte vanskeleg, spesielt i høve portrett. Her er det eit godt tips å fotografere personen i eit litt dunkelt rom att med eit vindu så lyset kjem inn frå sida. Alle motiv må forenklast. Det er difor vi lagar bilete faktisk, vi skal formidle eit avklara innhald som er i balanse og harmoni og samstundes har kontrastar og kraft.  

Jeg vil male dagen lys.
Gripe sjansen når den bys.
Tro på lystseilas på fjorden,
tro på frøet nedi jorden,
heng november opp på snoren.
Jeg vil male dagen lys.

Lærar for kurset er

Magne V. Kristiansen og arrangør er Malegruppa i Gaupne.

Tidsramme

Fredag 1. kl 16.00- 21.00
Laurd. 2. kl. 10.00-16.00
Sønd. 3. kl. 10.00- 15.00

Frå 16.00 til 17.00 på fredag er det ein del ordning og organisering, så om noko kjem seinare går det heilt greitt.

Teknikk:  Olje.
Om nokon er allergiske for oljemåling er det rom for å nytte akryl med dei avgrensingar det gjev i høve olje.

Stad: Lagshuset, Gaupne

Antall: Min. 6 - max. 12 personar

Kursavgift: Kr. 2 100

Dette inkluderer noko fellesustyr som akryl, print, farger, malemiddel m.m Eg har med ulike landskapsmotiv i god print som det skal nytte om de ikkje sjølve har gode motiv. De må ha gode print/ fotos eller dataskjerm, men ikkje små smarttelefonar, det gjer vegleiinga tungvint.

Sjekk utstyr om de har:

Penslar (svinebust med lang bust og langt skaft, hårpenslar flat.) Oljefargar, (titankvit, gul, oker, brent sienna, råumbra, ultramarine blå, cerulean blå, viridian grøn, karmin rød, cadmium/zinnoberrød, sort.)

Eg har dette for sal pluss måleplater om de ikkje har det sjølve. For tekniske spørsmål send ein epost til: post@adfontes.no eller mobil Magne 971 34 101

Ha med palett, malefiller, lite glass, 2 skylleglass/zalo, maskeringstape, tegneblokk/blyanter, golvstaffeli (helst), ekstra lys/skøyteledning om de trur de trenger det.

Her er nokre linkar om nokon vil handle på nett:

www.kem.no
www.tegne.no
www.torso.no
www.kunstrekvisita.no

Påmelding innan 15. oktober eller snarast til:

Else Karin Vigdal, sms 908 83 582 eller epost el-kvi@hotmail.com